Det var god deltaking og gode resultat på Ørstaleikane. 182 utøvarar var påmelde fordelt på 665 startar. Beste resultat hadde Jonas Ose frå Dimna IL i klassen G-14 med tida 7,49 s og 1070 poeng på Tyringtabellen.
Trykk "Les mer".
På Ørstaleikane bruker ein å dele ut fire bestemannspremiar til dei med høgst poengsum på Tyrvingtabellen. Premiane går til utøvarar i ulike aldersklassar.
Gutar 15 år og eldre: Elias Hovden Nilsen frå Ørsta IL (G15) i spyd 600 g med resultatet 50,62 m og 972 poeng på Tyrving-tabellen.
Jenter 15 år og eldre: Sigrid Kleive frå Ålesund FIK (J16) i kule 3 kg med resultatet 12,09 m og 1002 poeng på Tyrving-tabellen.
Gutar 14 år og yngre: Jonas Andre Ose (G14) i 60 m med resultatet 7,49 sek og 1070 poeng på Tyrving-tabellen.
Jenter 14 år og yngre: Lovise Skarbøvik Andresen (J12) i 60 meter hekk med resultatet 10,39 m og 1020 poeng på Tyrving-tabellen.
Dette er prestasjonar på landsnivå. Det var og mange gode resultat frå unge lovande utøvarar. Størst var deltakinga i dei yngste klassane, opp til og med 12 år. Det var og god deltaking i klassane 13-15 år. I aldersklassane 16 år og eldre var det færre deltakarar.
Utøvarar frå 22 klubbar var påmelde. Arrangørklubben Ørsta IL stile med 81 deltakarar. Dimna IL stilte med 36 deltakarar. Resten av deltakarane var i stor grad frå Sunnmøre og Romsdal, men det var og ein del deltakarar frå Nordmøre og Sogn og Fjordane.
Deltakinga var god med tanke på at Sogn og Fjordane hadde KM i friidrett same helga, og at mange av dei yngste ikkje har kome i gang med friidretten etter sommarferien endå.
Jenter 6 år spring 60 m. (Alle foto Hjørdis Almelid Vikenes, utanom ingressfoto som vart teke av Birger Nilsen)
Kalender
|