Kretslaget G/J 13-14 år er no på veg til Stjørdal og Ungdomslekene 2016. Der skal dei laurdag og søndag konkurrere mot kretslag frå Finnmark, Troms, Nordland, Nord- og Sør Trøndelag.
Ørsta IL friidrett har med tre utøvarar på kretslaget. Det er Luke Davidsen (G13), Hanna Hoggen Gjærset og Anna Hjellen Haugland (begge J14). Alle tre skal konkurrere i heile fire øvingar kvar, pluss eventuelt stafett i tillegg.
Luke deltek på 60 m - lengde - kule - slegge.
Anna stiller i kule - diskos - slegge - spyd.
Hanna skal springe 60 m - 200 m - 600 m - 1500 m.
Det er rift om plassane og det er kvalifiseringskrav for å vere med. Kretskampen er eit av dei mest populære stemna for 13-14 åringane.
Kalender
|