Møre og Romsdal vann Ungdomsleikane i Stjørdal. Dei vann også stafetten. Andreplass gjekk til Troms og tredjeplass til Nordland. Frå Ørsta IL friidrett deltok Luke Davidsen (G13), Hanna Hoggen Gjærset (J14) og Anna Hjellen Haugland (J14) på krinslaget.
Poengsummane i Stjørdal vart:
Møre og Romsdal: 365
Troms: 333
Nordland: 288
Sør-Trøndelag: 258
Nord-Trøndelag: 256
Finnmark: 43
Ungdomsleikane er ein krinskamp i friidrett for 13-14 åringar. Stemnet vert ofte kalla eit uoffisielt norgensmeisterskap for 13-14 åringar.
Ungdomsleikane vert arrangert i Stjørdal, Osterøy og Jessheim. Møre og Romsdal har ofte hatt gode resultat på stemnet, og har teke sigeren i mange år.
Ørsta IL friidrett sine utøvarar fekk mange gode resultat og tok 4 medaljar: Ein gull i spyd J14, sølv kule J14 og slegge G13, bronse i lengde G13. I tillegg var Luke med på begge Gullaga i stafett.
Anna tok ein heilt suveren siger i spyd 400 gr. Ny flott pers.rek. 34,67 m (før 32,71). Ho tok sølv i kule 3 kg. 8,19 m og ny pers. rek i diskos 0.75 kg med 17, 63 m.
Luke tok 4.plassen på 60 m med ny pers.rek. 8,61(før 8,66). Så kasta han 3 kg slegga ut til ny pers.rek 24,35 m (før 21,54) og tok 2.plassen. I tillegg sprang Luke 2. etappen på Gullaget 8 x 200 m stafett. I lengde hoppa han gode 4,70 m. og tok 3. plass og ny flott pers.rek. Så sprang han 3. etappe på vinnerlaget på 10 × 80 m stafett. I kule vart han nr. 6. med 9,70 m.
Hanna sprang 60 m på 8,83. Ho stod over 1500 m p.g.a. kraftig forkjøling. Ho vart nr 10 på 200 m med 29,43, og sette ny pers.rek på 600 m med 1,59,84.
Resultat fra Stjørdal finn du her:
http://webres.andro.no/ungdomelekene/2016/stjordal/
Bilete finn de her:
https://www.facebook.com/profile.php?id=100011361791674&hc_ref=NEWSFEED
Kalender
|