Ørsta IL friidrett stiller med fire utøvarar på UM i helga

Andrine Hjellen Haugland (J17), Sigrid Vartdal (J15), Åse Øyehaug (J15) og Elias Hovden Nilsen (G15) deltek på UM i Sandnes i helga. Andrine deltek i spyd, Sigrid på 100 m og 200 m, Åse på 80 m hekk, 300 m hekk og tresteg, Elias i spyd, diskos og kule.

2016-09-01
olve.oyehaug

Det er ein motvert og godt førebudd gjeng som stiller på UM i år. Dette er største troppen Ørsta IL friidrett har hatt på UM på mange år. Det er det første utandørsmeisterskapet for Sigrid, Åse og Elias. Andrine har delteke i både UM og jr NM tidlegare. 

 

UM-gjengen 2016

Ørsta IL friidrett er klare for UM 2016, f.v. Åse Øyehaug, Sigrid Vartdal, Elias Hovden Nilsen og Andrine Hjellen Haugland. 

Ungdomsmeisterskapet (UM) er norgesmeisterskap for friidrettsungdom i alderen 15-19 år.  Rekna i tal på deltakarar er UM det største meisterskapet i norsk friidrett. 

Det har vore rundt 700 og 800 deltakarar på UM dei siste åra. Tal på startar er ca 1600. Ein reknar med at det kjem rundt 500 trenarar, leiarar og foreldre.

UM vert i år arrangert i Sandnes. Arrangør er Sandnes IL.

Nettside med resultat og live sending: www.umfriidrett2016.no

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket