5. plass til Elias og to 9. plassar til Åse første dag på UM

Ørsta IL friidrett sine meisterskapsdebutantar imponerte første dag på UM i Sandnes med plaseringar heilt i toppen, klubbrekordar og personlege rekordar.

2016-09-02
olve.oyehaug

Elias Hovden Nilsen (G15) tok 5. plass og sette ny klubbrekord i diskos med bestekast på 36,85 m. Dette er solid forbetring av personleg rekord. 

Åse Øyehaug (J15) fekk solid pers på 300 m hekk med tida 50,06 sek og tok 9. plass. Dette er ny klubbrekord på 300 m hekk. Rett etter målpassering gjekk ho med noko stive bein til tresteg. I tresteg tangerte ho pers på 10,00 m og var like ved å kvalifisere seg til finale, og tok 9. plass i den øvinga.

Sigrid Vartdal (J15) sprang ein god 100 m på tida 13,62 sek. Ho fekk ei låsing i hofta kort etter start men fullførte likevel med ei tid berre tre tidelar bak pers. Det lovar godt for framtidige løp.

I morgon kastar Elias spyd, Sigrid spring 200 m og Åse spring 80 meter hekk. Andrine Hjellen Haugland (J17) skal kaste spyd i morgon.

Ungdomsmeisterskapet (UM) er norgesmeisterskap for friidrettsungdom i alderen 15-19 år. Følg med på nettsida for UM: www.umfriidrett2016.no. Der er resultat, live sendingar og meir.

UM2016_%C5se%20dag1%20800.jpgÅse Øyehaug (J15) var godt fornøgd med to 9. plassar første dag i UM.

UM2016_Sigrid%20dag%201%20800.jpgSigrid Vartdal (J15) sprang ein god 100 m trass i at ho fekk ei låsing i eine hofta kort etter start.

UM2016Elias%20dag1%20800.jpgElias Hovden Nilsen (G15) imponerte i diskos med ny pers, klubbrekord og 5. plass.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket