Andrine Hjellen Haugland sette ny banerekord i spyd kvinner etter å ha kasta 600 gramspydet ut til 39,52 m på stemnet i dag! Den gamle banerekorden var på 37,67 m frå 2004.
Ørsta IL friidrett arrangerte treningsstemne for menn senior og kvinner senior i spyd og høgde i kveld.
Først vart det hoppa høgde. Maria Sætre kom etter å ha vore på tur opp på Saudehornet før på dagen og hoppa 1,35 m og skaffa klubben nye poeng i lagserien 3. divisjon kvinner! Andrine Hjellen Haugland hoppa 1,24 m. Åse Øyehaug og Hannah Marie Skjeret hoppa begge 1,27 m. Erik Drange Tønnessen hoppa gode 1,67 m i høgde og Elias Hovden Nilsen hoppa til ny flott personleg rekord med 1,61 m (før 1,56 m).
Detter vart det kasta spyd. Vi gratulerer Andrine med ny banerekord i spyd kvinner. Erik kasta lengst - 45,54 m (årsbeste 45,78 m).
Elias debuterte med seniorspydet og kasta det ut til heile 43,38 m! Dette er klubbens 3. lengste spydkast menn gjennom alle tider! Ny klubbrekord G15 med 800 gr spydet!. Pr.no er 43,38 m også leiande i Norge G15 med seniorspydet!
Kalender
|