Spydavslutning på stadion tysdag 4. oktober. Fire utøvarar møtte til start og alle reiste heim med kvart sitt strålande resultat!
Elias Hovden Nilsen (G15) fekk prøve 700 gr spydet. I første omgang traff han godt og spydet gjekk ut til heile 48,39 m! Dette er ny pers og ny klubbrekord G15. Han er no klar for UM 2017 i spyd 700 gr G16. 48,39 m er truleg akkurat no Norges lengste kast med 700 gr spydet G15.
I klassen G13 var det to deltakarar: Johannes sette ny pers med 400 gr spydet med 24,49 m (før 23,61m) og Markus kunne også ta heim med ein ny pers 14,68 m (før 12,24 m).
Amalie (J12) fekk kaste spyd 400 gr og sette ny pers med 10,61 m.
Kalender
|