Resultat frå treningsstemne diskos torsdag 6. oktober

I kveld var det diskosstemne på Ørsta stadion. Frå Ørsta IL deltok Elias Hovden Nilsen, Andrine Hjellen Haugland og Erik Drange Tønnessen. 

Trykk her for resultatliste

2016-10-06
olve.oyehaug

Andrine kasta diskos 1 kg og sytte for at klubben sitt kvinnelag i 3. div. no har 20 av 20 øvingar i lagserien! Ny pers.rek. 20,65 m ga 402 nye lagseriepoeng. Eit førebels grovestimat viser at klubben no har vel 10 700 poeng, noko som er rundt 600 poeng meir enn fjorårsresultatet. Stemmer dette så er det ein fin framgang! I fjor vart kvinnelaget nr. 24. I år er det håp om at laget kan krype seg inn blant dei 20 beste 3.div. laga i Norge. Serien avsluttast 31.10 og då gjer forbundet sine talknusarar opp endeleg status.
Elias har hatt for vane denne sesongen aldri å gå frå eit stemne utan ein rekord. I kveld sette han ny pers.rek. og ny klubbrekord G15 med 36,91 m (før 36,85m) diskos 1kg.
Erik fekk opp gode 27,55 m med 2 kg diskosen.

No er utandørssesongen avslutta for friidrettsgruppa i Ørsta. Gruppa tek no "ferie" ut oktober. I november startar vintersesongen for fullt for dei som er 10 år og eldre. Sjå under "Treningstider" på nettsida vår for treningsdagar/tider.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket