Treningstider vinteren 2016-2017

Vintertreningane til Ørsta IL friidrett pågår i perioden tysdag 1. november til søndag 9. april. Frammøte alle utetreningar på Ørsta stadion. Innetreningane er i Ørstahallen og på Vikemarka skule.

Vi ønskjer gamle og nye utøvarar velkomne til treningane!

2016-10-27
olve.oyehaug

10-12 år

Måndag
18.00 - 19.00 Løpstrening (ute) - frammøte på Ørsta stadion
Onsdag
17.00 - 18.00 Styrke/spenst (inne) - Ørstahallen

13 år og eldre

Måndag
18.00 - 19.30 Langsprint - frammøte på Ørsta stadion (kl 19.00-19.30 er det spenst) 
Tysdag
19.00 - 21.00 Styrke - Vikemarka skule 
Onsdag
17.00 - 18.00 Spenst - Ørstahallen på ungdomsskulen 
Torsdag
18.00 - 19.00 Kortsprint - på/ved Ørsta stadion 

For dei som er 15 år og eldre vert vert enkelte onsdagstreningar verte lagt til Ulsteinhallen. Trenaren avtalar dette med utøvarane. For 13-14 åringane vert i utgangspunktet alle onsdagstreningane i Ørstahallen. 

Det vert i tillegg tilpassa treningar for aldersgruppa 13 år og eldre, m.a. eigne kasttreningar.

Dei som er 13 år og eldre bør vere med på minst ei utetrening i veka, i tillegg til innetreningane.
2007-modellane vert rekna som 10-åringar f.o.m. no.
Treningar for dei som er 9 år (2008-modellar) og yngre startar opp att 2. mai 2017

 
Trenarar i vintersesongen 2016-2017:
10-12 år: Anne Maryan Eriksen, Lene Mari Våge Myklebust, Morten Kjelvik, Olve Øyehaug
13 år og eldre: Kari Lundestad Myrold, Erik Drange Tønnessen, Svein-Egil Johannessen, Hannah Marie Skjeret, Trine Skjeret, Olve Øyehaug
 
Kven er treningane for?
Treningane er for dei som ønskjer eit sosialt treningsmiljø med fokus på friidrett. Ein får sjølv bestemme kor mange treningar ein vil vere med på, og om ein  ønskjer å trene for å trene eller om ein ønskjer å trene for å konkurrere litt eller på høgt nivå. Med andre ord, alle som ønskjer å trene friidrett er velkomne.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket