Vi inviterer utøvarar og foreldre til ein triveleg friidrettskveld på klubbhuset onsdag 23. november kl 18-20. Vi går til klubbhuset rett etter treninga i Ørstahallen. Det vert servert pizza. Målgruppa er 10 år og eldre og foreldre.
Målet med kvelden er å ha det sosialt saman, og samtidig informere litt om arbeidet og friidrettstilbodet vi har i Ørsta. Vi vinklar samlinga slik at målgruppa er alle som kjem; barna, ungdomane og foreldra.
Nokre av tema for kvelden vert:
Litt om friidrettsgruppa - stemne - treningar
Friidrettssesongen - kva skjer gjennom året
Øvingsutval - barneidrett - utviklingsløypa - reglar
Lisensar
Sportsleg arbeid
Sportslege målsetjingar
Konkrete mål for 2017
Pizza
Kalender
|