15 medaljar til Ørsta IL på Sparebanken Møre leikane i Ulsteinhallen

Ørsta IL stilte med 15 utøvarar på stemnet 19. november. Ørsta sine utøvarar tok fem gull, åtte sølv og to bronse, og sette 18 nye personlege rekordar innandørs.

2016-11-19
olve.oyehaug

Elias Hovden Nilsen (G15) imponerte med 12,01 meter i kule 4 kg. Dette er ny personleg rekord og ny klubbrekord i G15. Han reiv hårfint lista på 1,68 m i høgde etter å ha hoppa flott over 1,65 m. Dette er ny pers og klubbrekord i G15 og ny lagsrekord menn junior og senior i høgde innandørs.

Andrine Hjellen Haugland (J17) støytte 9,36 m med 4 kg kula. Dette er pers og lagsrekord i kule kvinner junior og senior innandørs.

Så godt som alle utøvarane i Ørsta sette ein eller fleire personlege rekordar på stemnet, sjølv om ein no er i opptreningsfasen til neste sesong.  

2016%20SPBM%20leikane%20Ulsteinhallen%2019%20nov%20Agnes%20Ragne.jpg
Agnes Hjellen Haugland og Ragne Øyehaug (J6) gjer seg klare til å springe 60 meter i Ulsteinhallen.

Det var 160 deltakarar fordelt på over 400 startar fordelt på 17 klubbar. Fleire av utøvarane presterte på nasjonalt nivå. Ein av dei som imponerte stort var Dimna IL sin Jonas Ose i klassen G14. Han var berre ein hundredel frå norsk rekord på 60 m med resultat på 7,32 sekund.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket