Ørsta IL friidrett tok 9 gull, 6 sølv og 11 bronse på krinsmeisterskap i friidrett i Ulsteinhallen i helga. Det var eit stort stemne med over 250 deltakarar frå 25 klubbar. Ørsta IL friidrett stilte med 28 deltakarar.
Ørsta IL friidrett sine utøvarar sette 53 nye personlege innandørsrekordar. Det vart og sett ein lagsrekord for kvinner junior og ein lagsrekord for kvinner senior, begge på 400 meter. Det vart og tre nye klubbrekordar i aldersbestemte klassar.
Det var godt aldersspenn i Ørsta sin tropp, frå 6 til 39 år. Det gror godt i dei yngste klassane. I 11- og 12-årsklassane stilte Ørsta IL med heile ti utøvarar. Ørsta IL imponerte både i breidde og med gode resultat. Ein av dei som imponerte stort var Oskar Mjelva Straume (G10). Han sette klubbrekord i aldersbestemte klassar i høgdehopp, 60 meter og lengdehopp. Ein annan som imponerte var Jakob Rudi Nordang (G14) som hoppa 2,10 meter i stavhopp. Det er ei forbetring av personleg rekord med 40 cm.
Nr 397 Oskar Mjelva Straume sprang ein svært god 60 m.
Ørsta IL friidrett er svært godt nøgde med årets krinsmeisterskap innandørs. Spesielt positivt er det med den gode rekrutteringa. For fleire av utøvarane i Ørsta IL var dette det første store friidrettsstemnet dei deltok på, og KM i helga ga meirsmak for alle saman.
Neste store stemne for klubben er NM. Då stiller Ørsta IL både med stafettlag og med individuelle utøvarar.
Dimna IL bruke KM til klargjering før innandørs NM i friidrett 4.-5. februar, og viste igjen at dei er dyktige stemnearrangørar.
Nokre av 11- og 12-årsjentene frå Ørsta som deltok på KM: Maria Mjelva Straume, Thea Nilsen, Mari Øyehaug, Grethe Kristin Høstland og Ragnhild Hovland.
Fyldige resultatrapportar finn de på Ørsta IL friidrett si medlemsgruppe på Facebook. Det ligg og ein fin bildeserie på www.dimna.no
Kalender
|