Ørsta IL friidrett stiller med 7 utøvarar på NM innandørs i friidrett 4. og 5. februar i Ulsteinhallen. Ørsta stiller og med stafettlag. Dette er største NM-deltaking i friidrett frå Ørsta på mange år.
Laurdagen skal Hannah Marie Skjeret delta på 60 m, Erik Drange Tønnessen i kule, Andrine Hjellen Haugland i høgde utan tilløp og Elias Hovden Nilsen i høgde utan tilløp.
Søndagen skal både Andrine Hjellen Haugland og Elias Hovden Nilsen delta i lengde utan tilløp. Ørsta IL sitt stafettlag er sett saman av Hannah Marie Skjeret, Sigrid Vartdal, Åse Øyehaug og Hanna Hoggen Gjærset.
Dette vert ei stor friidrettshelg! Følg med på nmdimna.no
Elias Hovden Nilsen er ein av Ørsta IL sine sju utøvarar som deltek i NM innandørs 4.-5. februar i Ulsteinhallen.
Kalender
|