Ørsta IL sitt stafettlag tok 5. plass på 4 x 200 meter stafett i NM i friidrett i Ulsteinvik. Dei sette samtidig ny klubbrekord, med tida 1,51,19. Dette er eit lag vi kan vente oss gode resultat av framover.
Stafettlaget var samansett av sprinterane Hannah Marie Skjeret, Sigrid Vartdal, Åse Øyehaug og Hanna Hoggen Gjærset. Det er eit ungt lag, og det gode resultatet ga dei inspirasjon til å vere med på fleire stafettar i tida framover.
Ørsta IL friidrett sitt stafettlag på innandørs NM: Hannah Marie Skjeret, Sigrid Vartdal, Åse Øyehaug og Hanna Marie Skjeret.
Ørsta IL friidrett stilte med til saman sju utøvarar på NM. I individuelle øvingar hadde Ørsta med fire utøvarar. Hannah Marie Skjeret deltok på 60 meter laurdag og sette årsbeste der. Andrine Hjellen Haugland deltok i både høgde utan tilløp (7. plass) og lengde utan tilløp (6. plass). Også Elias Hovden Nilsen deltok i både høgde utan tilløp (4. plass) og lengde utan tilløp (6. plass). Elias sette solid pers i begge øvingane. Erik Drange Tønnessen deltok i kulestøyt, og to 4. plass der.
Det var mange gode resultat på stemnet. Ein av dei som imponerte stort var Karstein Warholm. Han sette norsk rekord på 400 meter med tida 45,96. Han har no årsbeste i Europa i den øvinga.
Resultatliste og informasjon finn de på www.nmdimna.no
Innandørs NM i friidrett vart arrangert av Dimna IL i Ulsteinhallen 4.-5. februar.
Kalender
|