Stor stemning på 900-poengsfesten

Den årlege 900-poengsfesten hadde rekordframmøte. Etter trening i Ørstahallen gjekk 47 store og små til klubbhuset for å ete pizza, vere med på quiz, sjå på bilete og få årshefte. Det var premieutdeling for godt frammøte og utdeling av 900-poengsfat.

2017-02-08
olve.oyehaug

Det var seks utøvarar som fekk så gode resultat i 2016 at dei oppnådde over 900 poeng på Tyrving-tabellen. Når ein oppnår 900 eller fleire poeng er ein i toppen på krinsnivå. Er ein over 1000 poeng så er ein i landstoppen. Får ein over 1100 poeng så er ein på internasjonalt nivå. Høgste poengsum hadde Andrine Hjellen Haugland med 1030 poeng for spydkastet på 44,31 meter med 500 grams spyd.

900-poengsklubben%202016%20%288%20feb%202017%29-600.jpeg
900-poengsklubben der alle fekk 900 eller fleire poeng på Tyrving-tabellen, frå venstre: Sigrid Vartdal, Marie Steinnes, Andrine Hjellen Haugland, Thea Nilsen, Maria Sætre (Elias Hovden Nilsen var gått vidare til neste trening då biletet vart teke).

Rekordframm%F8te%202016-sesongen%20%288%20feb%202017%29-600.jpeg
Dei seks som hadde størst frammøte på treningane fekk premie: Gåvekort på kino. Frå venstre: Markus Myhre Steinnes, Mari Øyehaug, Jakob Rudi Nordang, Malin Myklebust og Åse Øyehaug. Sofie Verstad var ikkje til stades då biletet vart teke.

 

Pizza%20p%E5%20900p-festen%208%20feb%202017-600.jpeg
13 pizza og 13 brus gjekk med før gjengen var klare til å starte på superduper-quiz.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket