Seks ungdomar frå Ørsta IL friidrett deltok på Møre og Romsdal friidrettskrins sin treningsleir i Torremolinos i Spania. Krinsen samla 50 ungdomar frå fylket. Det var mykje grunntrening på samlinga, og utøvarane fekk god opplading til utandørssesongen.
Ørsta IL friidrett sine utøvarar på treningsleiren var (f.v.) Amalie Tomasgard, Andrine Hjellen Haugland, Hannah Marie Skjeret, Elias Hovden Nilsen, Sigrid Vartdal og Hanna Hoggen Gjærset. (Foto: Arve Hatløy)
Samlinga var i Torremolinos ved Malaga i Spania. Treningsleir i varmare strok i regi av krinsen har blitt ein tradisjon. Det var lagt opp til to økter per dag. Treningssamlinga la godt grunnlag for gode prestasjonar på innandørs UM i Bærum komande helg.
Kalender
|