17 utøvarar frå Ørsta IL friidrett er påmelde på Bamseleikane i Stangehallen på Stange ved Mjøsa 18.-19. mars. Bamseleikane vart første gong arrangert i 1997, og er no eit av dei største friidrettsstemna i landet.
Ørsta IL friidrett har reist på familietur til Bamseleikane i mange år. Denne gongen er det svært god deltaking frå Ørsta med 17 utøvarar og eit stort støtteapparat.
Premiane på Bamseleikane er bamsar. Alle som deltek får bamsar i premiar. Det er så langt registrert 2587 startar og 814 deltakarar.
For meir informasjon sjå: https://www.friidrett.no/k/oppland-og-hedmark/arrangement/bamselekene/
(Biletet er av Ørsta-gjengen frå Bamseleikane 2016).
Kalender
|