Stafettsølv til Ørsta IL på Bamseleikane

Ørsta IL friidrett tok andreplass på stafett og sette ny klubbrekord innandørs på 4 x 200 m J15-16 med 1,55,07. Rekordlaget var Sigrid Vartdal, Åse Øyehaug, Amalie Tomasgard og Hanna Hoggen Gjærset.

2017-03-20
olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett stilte med 16 utøvarar på Bamseleikane på Stange i Hedmark. Ekstra stas var det at vi stilte med tre stafettlag. I tillegg til sølvlaget var det to lag i klassen J10-12.
Totalt sette ørstingane 33 nye personlege rekordar innandørs over to stemnedagar. Alle sette pers i ei eller fleire øvingar. Det vart to pallplasseringar til Ørsta; stafettlaget i J15-16 og Elias Hovden Nilsen for sitt første hopp over 5 meter.

Det var mange som imponerte. Ei av dei som fekk oppleve å springe først over målstreken var Elise Aarflot (J11). Ho suste inn først i sitt heat med tida 10,10 sek og ny pers på 60 meter.

Friidrettsgruppa i Ørsta er i vekst, spesielt i aldersgruppa 13 år og eldre. Det er lenge sidan vi har hatt med så mange som seks utøvarar i alderen 15-16 år på Bamseleikane. Fleire av dei kvalifiserte seg til finale.

Sigrid Vartdal (J16) imponerte igjen og tok sjetteplassar både på 60 m (8,42 sek) og 200 m (27,37 sek) med resultat over 900 poeng.

Bamseleikane%202017%20J10-12-600.jpeg
Stafettlaga i klassen J10-12 godt omslutta av bamsar. F.v.: Sofie Olafsen Brattli, Elise Aarflot, Maria Mjelva Straume, Thea Nilsen, Mari Øyehaug, Hannah Olafsen Brattli, Nora Vartdal og Marie Helle Saanum. 

Bamsestafett%202017%20J15-16-600.jpeg
Sølvlaget i klassen J15-16 på 4 x 200 m stafett: Hanna Hoggen Gjærset, Amalie Tomasgard, Åse Øyehaug og Sigrid Vartdal.

Dette var ein familietur for Ørsta IL friidrett der det sosiale hadde høg prioritet. Gjengen budde samla på Hamar, og var i stor grad saman i Stangehallen under heile stemnet. 

Bamseleikane er eit av dei største innandørsstemna i landet. Det vart arrangert for 21. gang i Stangehallen. Deltakarane var i stor grad frå austlandet, men fleire klubbar frå Sunnmøre som Dimna IL, Fiskå IL og Stranda IL var med og gjorde det skarpt på stemnet.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket