Spydkastarane hadde rekordtidleg sesongopning i strålande ettermiddagsol på stadion i kveld. Det var litt nordavind (motvind), men denne var ikkje direkte plagsom.
Trykk her for resultatliste frå treningsstemnet
Det var fire utøvarar som deltok på kveldsstemnet i dag.
Amalie Tomasgard (J15) sette ny pers.rek. i spyd 400 gr med 25,20 m.
Elias Hovden Nilsen (G16) kasta 700 gr spydet ut til 46,87 m og sette ny klubbrekord G16. Den gamle rekorden hadde til i kveld stått sidan 2006.
Erik Drange Tønnessen (Menn Senior) 800 gr spydet kasta 38,70 m.
Svenning Veiseth (G16) frå Hareid IL kasta 700 gr spydet ut til 43,86 m og kvalifiserte seg til UM spyd G16!
Kalender
|