Ørsta IL friidrett arrangerer friidrettsskulen Idrettsleikar for 5. gong, 14.-16. august.
Sjå: www.orstail.no/Friidrett/Friidrett-sidemeny/Idrettsleikar
Ørsta IL friidrett arrangerer idrettsleikar på Ørsta stadion måndag 14. august - onsdag 16. august 2017.
Idrettsleikar er eit lokalt tilbod til born i alderen 6-12 år som går over tre dagar i sommarferien. På Idrettsleikar skal barn få trene basisferdigheiter og prøve friidrett på ein spennande og utviklande måte prega av leik og glede.
Idrettsleikar er i regi av Norges Friidrettsforbund. Alle friidrettsklubbar har fått tilbod om å arrangere Idrettsleikar.
Kva: Spennande dagar i sommarferien der born møtast til gode aktivitetstilbod på dagtid.
Alder: 6-12 år
Varigheit: 3 dagar
Når: Måndag 14. august - onsdag 16. august, klokka 9-15.
Påmeldingsfrist: 21. juli
Pris: Kr 750,-
Deltakargåve: T-skjorte
Antal: 60 deltakarar
Påmelding på: http://www.deltager.no/Idrettsleker/orsta2017
Meld deg på allereie no, det er avgrensa med plassar. Det vert truleg stor rift om plassane også i år. Dei siste åra har det vore ventelister.
Innhald
Deltakarane vil få introduksjon til m.a. forskjellige friidrettsøvingar. Det vil bli innslag av løp, hopp, kast, samt leik for utvikling av balanse og motorikk i tillegg til ballspel og øvrige aktivitetar. Kyndige og engasjerte idrettsleiarar, ungdom som sjølve er aktive utøvarar i friidrettsgruppa, vil tilrettelegge og hjelpe borna på deira eigne premissar.
Bli med!
La barnet ditt få ei aktiv og sosial ferietid fylt med fysisk leik tilpassa alle nivå.
Ørsta IL friidrett har sidan 2013 arrangert friidrettsskulen Idrettsleikar veka før skulestart. Målet er å arrangere dette kvart år. Friidrettsskulen er for barn i alderen 6-12 år. Det har vore fullteikna kvart år, med rundt 60 deltakarar kvart år.
Kalender
|