Heile 125 utøvarar deltok på gateløpet som Ørsta IL friidrett arrangerte tysdag 2. mai. I dette løpet fekk også dei aller yngste vere med. Flott ver og rekorddeltaking skapte svært god stemning på stemnet.
125 deltakarar gjer seg klare til gateløp.
Dette er største deltaking på gateløpet på svært mange år, truleg største deltaking på gateløp i regi av Ørsta IL friidrett nokon gong. Dei to siste åra har det vore opp mot 100 påmelde, og friidrettsgruppa trudde at dei gamle deltakarrekordane skulle verte vanskeleg å slå. Gruppa er svært godt nøgd med frammøtet og dei gode resultata. Størst deltaking var det i dei yngste klassane, med 34 deltakarar i alderen 6 år og yngre.
Dei aller yngste sprang rundt 200 meter. Innsatsen var stor og alle kom i mål. Aldersgruppa 7-9 år sprang ei variert løype på rundt 350 meter. Mange opna svært hardt ut frå start, og kom godt slitne i mål.
10-12 årsgruppa sprang rundt 550 meter på asfalt og grus. Der var det ein spennande duell mellom Simen Vatne Haram og Jørgen Gretland. Simen vart først i mål med gode 1 min 43 sek.
Gruppa på 13 år og eldre sprang rundt 850 meter. Elias Hovden Nilsen hadde den beste tida der med 2 min 28 sek. Åse Øyehaug var raskast av jentene og sprang inn på 2 min 42 sek. Løypene var varierte med underlag av asfalt, grus og gras.
No gjer friidrettsgruppa seg klare til dei komande stemna i Ørsta; TINEstafetten 10. mai, Ørstastafetten 13. mai og Sparebank1-leikane 21. mai.
Kalender
|