Gode resultat på Dimnaleikane

Ørsta IL friidrett stilte med ni utøvarar på Dimnaleikane 14. mai. Andrine Hjellen Haugland imponerte i spyd med kjempers og ny klubbrekord med heile 42,08 m. Elias Hovden Nilsen sette også ny pers i spyd med 48,54 m. 

2017-05-14
olve.oyehaug

Det vart mange medaljar og persar til Ørsta på stemnet. Det vart sett 15 nye persar og 4 nye klubbrekordar. Ein av dei som verkeleg slo til var Oskar Mjelva Straume (G10). Han sette pers på 60 m, 600 m og lengde. Og han sprang frå 11- og 12-årsgutane på 600 m.

Arrangørklubben Dimna IL stilte med ein tropp på rundt 90 utøvarar. Ein av dei som imponerte stort var Dimna IL sin Jonas Andre Ose (G15) som sprang inn til 11,72 på 100 m og kvalifiserte seg til junior NM.

Resultatliste finn ein på www.dimna.no

Kalender

April
MTOTFLS
31123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
2829301234

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket