145 motiverte utøvar stilte til start på SpareBank1-leikane 21. mai på Ørsta stadion.
Trykk her for resultatliste (kvalitetssikra og godkjent)
Det var stor idrettsglede, god innats og gode resultat på stemnet.
Lovise Skarbøvik Andresen frå Ålesund FIK (J13) var den som fekk høgst poengsum på Tyrving-tabellen med heile 1112 poeng for tida 9,51 sek på 60 meter hekk.
Det var stor deltaking i rekruttklassane (9 år og yngre). Det er flott å sjå at det gror godt i friidretten for dei yngste. Det var flest deltakarar frå Møre og Romsdal men også mange frå naboklubbane i Sogn og Fjordane.
Kalender
|