Ørsta IL friidrett stilte med fire utøvarar på Framolekene i Bergen i helga.
Kasttalentet Anna Hjellen Haugland (J15) viste at ho er på full veg tilbake til toppen i friidretten. Ho kasta til sølv i slegge med 28,79 meter, ny personleg rekord og ny klubbrekord. Ho tok også sølv i spyd med 30,39 meter og ny pers. Anna tok bronse i kule med 8,81 meter og ny pers.
Amalie Tomasgard (J15) sette pers og tok tredjeplass på 400 m med tida 1:11,42. Ho sette og pers på 1500 m. Amalie har fin framgang og set stadig nye personlege rekordar.
Andrine Hjellen Haugland (J18/19) er ein av dei beste spydkastarane i landet i sin aldersklasse. Ho nådde ikkje heilt opp på Framoleikane, med 37,89 meter i spyd.
Hannah Marie Skjeret (kvinner senior) spring raskare for kvart start i år. Ho kvalifiserte seg for seinor NM på 100 meter med tida 12,70. sek. Ho kvalifiserte seg også til junior NM på 200 meter.
Framolekene er Vestlandets største friidrettsstevne. Stemnet vert arrangert på Fana stadion i Berhen. Deltakinga i år var veldig god. Det var 2427 startar, fordelt på 792 deltakarar frå 69 klubbar.
Ørsta IL friidrett stilte med fire utøvarar på Framolekene i Bergen i helga. F.v. Hannah Marie Skjeret, Andrine Hjellen Haugland, Amalie Tomasgard og Anna Hjellen Haugland. (Foto: Monica Hjellen Haugland)
Kalender
|