Stor deltaking på friidrettens dag

Rundt 100 ivrige barn deltok på friidrettens dag. Utøvarane fekk utdelt startnummer der øvingsleiarane skreiv resultata rett på startnummeret. 

2017-06-16
olve.oyehaug

Det var ni øvingar å velje mellom; Sprint, langt løp, hekk, lengde, høgde, kule, liten ball, stigeløp og slengball. Mange klarte å delta på alle øvingane i løpet av ein time. Nokre klarte til og med å delta på fleire av øvingane fleire gongar. Det var stor stemning både blant barna og foreldra. Friidrettens dag er eit av høgdepunkta i friidrettssesongen for dei yngste, og det har vore god deltaking dei siste åra. Ørsta IL friidrett arrangerer friidrettens dag kvart år i juni.

For dei som var 11 år og eldre vart det arrangert treningsstemne etter at dei yngste hadde gått heim. Det vart sett 38 personlege rekordar på treningsstemnet. Ein av dei som imponerte var Oskar Mjelva Straume som stilte i G11-klassen. Han fekk 922 Tyrvingpoeng for 7,42 meter på tresteg.

Trykk her for resultatliste

Friidrettens%20dag%202017%20startnummer-600.JPG
Startnummer frå Friidrettens dag

Friidrettens%20dag%202017%20H%E5vard-600.JPG
Håvard Keilen spurtar over målstreken.

 

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket