Ørsta IL friidrett tok stafettgull på 4 x 100 meter stafett i klassen kvinner senior. Dette er det raskaste stafettlaget i Ørsta IL på 4 x 100 meter gjennom tidene. Resultatet 51,76 s er nyklubbrekord og 60 hundredelar raskare enn gamlerekorden frå 2002.
Vinnarlaget var Hanna Hoggen Gjærset, Hannah Marie Skjeret, Åse Øyehaug og Sigrid Vartdal.
Ørsta tok fem medaljar på stemnet. I tillegg til gull på 4 x 100 m stafett vart det gull i diskos i klassen G16. Diskosgullet var det Elias Hovden Nilsen som tok med 33,06 m. Andrine Hjellen Haugland (J18/19) tok sølv i spyd med 40,93 meter i vanskelege vindforhold. Elias Hovden Nilsen tok bronse i spyd med 51,91 meter. Mari Øyehaug (J11) tok sin første medalje i stort stemne då ho kasta 10,05 meter i spyd.
Ørsta IL friidrett stilte med 12 utøvarar i alderen 11-21 år. Det var strålande innsats frå gjengen, med 12 personlege rekordar og klubbrekord i både stafett og kule. Sjølv om det er stas med medaljar er det mange av resultata som er like imponerande som pallplass: Hannah Marie Skjeret kvalifiserte seg til NM med 26,03 og årsbeste på 200 m og Sigrid Vartdal kvalifiserte seg til jr. NM med 27,10 sek og årsbeste på 200 m.
Dei fleste utøvarane deltok i mange øvingar. Under er eit lite utdrag av høgdepunkta. Åse Øyehaug (J16) viste at ho er ein lovande 400 meterløpar med 4. plass og solid pers på 62,67 sek. Anna Hjellen Haugland (J15) tok 4. plass i spyd med 28,77 m. Sarah Moussa (J13) sprang 100 m på 14,92 og tok 5. plass i B-finalen. Filip Hoggen (G13) persa solid på 600 m med 1,56,88. Hanna Hoggen Gjærset (J15) er ein lovande sprinter og forbetra årsbeste på 200 m då ho sprang inn på 28,24 sek. Amalie Tomasgard (J15) persa solid i alle tre løpa ho deltok i. Sofie Viddal (J15) viser god framgang i kastøvingane.
Ørsta IL friidrett har lang tradisjon med deltaking på dette stemnet. Med over 850 utøvarar på det 40. Veidekkeleikane er dette eit av dei største friidrettsstemna i landet. Veidekkeleikane vert arrangert på Stampesletta på Lillehammer.
Resultat finn ein på: http://webres1.andro.no/veidekkelekene/2017/
Stafettgullvinnarar på 4 x 100 meter i klassen kvinner senior. F.v. Sigrid Vartdal, Hannah Marie Skjeret, Hanna Hoggen Gjærset og Åse Øyehaug.
Ørsta IL friidrett sine 12 utøvarar på Veidekkeleikane. Bak f.v. Åse Øyehaug, Hannah Marie Skjeret, Elias Hovden Nilsen, Hanna Hoggen Gjærset, Sofie Viddal, Sigrid Vartdal og Amalie Tomasgard. Framme f.v.: Sarah Moussa, Andrine Hjellen Haugland, Filip Hoggen, Anna Hjellen Haugland og Mari Øyehaug.
Elias Hovden Nilsen tok gull i diskos og bronse i spyd.
Andrine Hjellen Haugland tok sølv i spyd.
Kalender
|