Pallplass i alle øvingar i Måndalen

Det vart pallplass i alle øvingar til Ørsta IL friidrett på banestemne i Måndalen søndag 13. august. 

2017-08-14
olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett stilte med ni utøvarar å stemnet. Målet til Ørsta IL var å kome godt i gang med stemnedeltaking etter sommarferien. Det målet klarte ein med glans, sjølv om veret til tider var utfordrande med både vind og nedbør.

Dei to beste resultata frå Ørsta IL var det Elias Hovden Nilsen (G16) og Andrine Hjellen Haugland (J18/19) som stod for. Elias kasta spydet 51,68 meter og fekk 933 Tyrving-poeng. Andrine kasta spydet 38,30 meter. Det ga 907 Tyrvingpoeng. Resten av gruppa viste svært lovande resultat for haustssesongen.

Yngste deltakar frå Ørsta var Bjørn Håkon Vikenes (G8). Han deltok i 60 meter, liten ball og lengdehopp, og var godt fornøgd med resultata.

Det var deltakarar frå mange klubbar i Møre og Romsdal på stemnet.

M%E5ndalen%20gruppebilde-600.JPG
Nokre av utøvarane som deltok frå Ørsta IL: F.v.: Åse Øyehaug, Hanna Hoggen Gjærset, Elias Hovden Nilsen, Sigrid Vartdal, Andrine Hjellen Haugland, Anna Hjellen Haugland.

Bj%F8rn%20H%E5kon%20lengde-600.jpeg
Yngste deltakar frå Ørsta var Bjørn Håkon Vikenes (G8). Han deltok i 60 meter, liten ball og lengdehopp,
og var godt fornøgd med resultata. (Foto: Hjørdis Almelid Vikenes)

Kalender

Juni
MTOTFLS
2627282930311
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30123456

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket