Resultat frå Ørstaleikane

Ørstaleikane er i hamn. Det var 201 deltakarar fordelt på 606 startar på stemnet. Endeleg resultatliste er klar.

Trykk her for resultatliste laurdag

Trykk her for resultatliste søndag

 

2017-08-19
olve.oyehaug

Det var både breidde og gode resultat på stemnet. Fleire av resultata var på nasjonalt nivå. Ørsta IL friidrett er godt nøgde med at rundt 200 utøvarar møtte på stemnet.

Det var god deltaking i aldersklassane opp til og med 15 år. I klassane 16 og og eldre var det ikkje så god deltaking. Stemnet gjekk over to dagar. Ørsta IL friidrett stilte med 101 deltakarar. Dimna IL var nest største klubb med 44 deltakarar. Ålesund var og ein stor deltakarklubb. Det var 16 klubbar frå heile Møre og Romsdal som deltok.

På Ørstaleikane vart det delt ut fire bestemannspremiar. Premiane gjekk til dei med resultat som fekk flest poeng på Tyrving-tabellen. Vinnarane var:

  • J11-14: Lovise Skarbøvik Andresen (J13) Ålesund FIK - 60 meter hekk - 9.80 sek og 1019 Tyrving-poeng
  • G11-14: Ole Sivert Røyrhus (G14) Stranda IL - 800 meter - 2.06.56 sek og 1043 Tyrving-poeng
  • J15-19: Birthe Franck-Petersen (J16) Ålesund FIK - kule - 11.55 meter og 973 Tyrving-poeng
  • G15-19: 39 Sture Måseide (G17) Dimna IL - 200 meter - 24,31 sek og 888 Tyrving-poeng

For detaljert oppsummering av Ørsta IL sine prestasjonar kan ein sjå på Ørsta IL friidrett medlemsgruppe på Facebook.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket