Ørsta IL friidrett stilte med 12 utøvarar på Panoramaleikane på Ikornnes laurdag 26. august. Det var storfangst av medaljar og personlege rekordar. Ein av dei som imponerte mest frå Ørsta IL friidrett var Johannes Eiksund (G14).
Johannes er den i Ørsta IL friidrett som har hatt størst framgang i år. Johannes sprang 100 meter på 13,28 sek i litt for sterk vind (+2,5 m/s). Dette er over eitt sekund raskare enn personleg rekord frå i fjor, og han har framleis mykje å gå på.
Mange klubbar på Sunnmøre stilte med utøvarar på Panoramaleikane. Deltakinga var størst i dei yngre klassane. Den største prestasjonen på stemnet stod Ole Sivert Røyrhus (G14) frå Stranda IL for. Han sprang sin første 400 meter på stemne på gode 55,27 sek. Dette er årsbeste i landet i den aldersklassen.
Johannes Eiksund tok to gull og ein sølv på Panoramaleikane. Han den i Ørsta IL friidrett med størst framgang i år.
Kalender
|