Ørsta IL friidrett stiller med sju utøvarar på UM på Fana stadion i Bergen 1.-3. september. Dette er største UM-troppen frå Ørsta på mange år. UM er Norgesmeisterskap i friidrett for ungdom i alderen 15-19 år.
Følg med på stemnet på umfriidrett2017.no
Ørsta-gjengen har klare mål om fleire finaleplassar og pallplassar.
705 deltakarar er påmelde til årets Ungdomsmeisterskap fordelt på 1583 enkeltstartar, i tillegg kjem 52 stafettlag.
VI oppdaterer løpande frå UM på sida vår på Facebook.
Ørsta IL friidrett stiller med sju utøvarar på UM. F.v.: Åse Øyehaug, Hanna Hoggen Gjærset, Elias Hovden Nilsen, Sigrid Vartdal, Andrine Hjellen Haugland, Anna Hjellen Haugland. Amalie Tomasgard var ikkje til stades då biletet var teke.
Kalender
|