Ørsta IL hevda seg i landstoppen på NM i friidrett for ungdom (UM). Det vart sju topp-åtte plasseringar, to tiandeplassar og eit resultat på 1000 Tyrving-poeng. Ørsta IL friidrett stilte med sju utøvarar på UM, største UM-troppen frå Ørsta på mange år.
Andrine Hjellen Haugland (J18/19) låg på tredjeplass i spyd heilt til siste omgang. Då vart ho så vidt passert av to andre, og vart nr. 5. Lengste kastet til Andrine var på gode 42,01 m og gav 1000 Tyrving-poeng.
Elias Hovden Nilsen (G16) er i landstoppen i kast. Han tok fjerdeplass i både spyd og diskos, med 52,28 m i spyd (945 Tyrving-poeng) og ny solid personleg rekord i diskos med 34,40 m. Elias fekk opp 10,40 m i kule og tok 10. plass der.
Anna Hjellen Haugland (J15) viste igjen at ho er eit stort kasttalent. Ho kasta slegga 34,67 meter og tok 5. plass. Dette er ny klubbrekord og ny pers (før 28,77 m). Ho gjorde og nokre gode forsøk i spyd.
Åse Øyehaug (J16) tok 7.plass på 300 m hekk med 48,36 sek. Dette er forbetring på nesten to sekund frå UM i fjor. Det er ny pers, ny klubbrekord og gav 921 Tyrving-poeng. Ho tok og ein god 6. plass i tresteg med 9,63 m.
Sigrid Vartdal (J16) stadfesta at ho er ein god sprinter med ny pers og 13,26 sek på 100 meter (918 Tyrving-poeng) og 27,13 sek på 200 meter (923 Tyrving-poeng). Sigrid er no klubbens 7. raskaste kvinne på 100 m gjennom alle tider.
Hanna Hoggen Gjærset (J15) sette pers med 13,77 sek på 100 meter, og ho sprang på 28,27 sek på 200 m.
Meisterskapsdebutanten Amalie Tomasgard (J15) tok 7. plassen på 2000 m på tida 8,04,40 og ny pers.
UM vart avslutta med stafettar. Der sprang Amalie, Hanna, Sigrid og Åse 1000 meter stafett i klassen J15/16 på 2,30,42 og tok 10.plassen. Tida 2,30,42 er klubbens 5. raskaste 1000 m stafett for kvinner gjennom alle tider.
Sunnmøre var godt representert på UM. Dimna IL, Ålesund FIK og Fiskå IL presterte godt og tok med seg mange medaljar heim frå stemnet.
UM er Norgesmeisterskap i friidrett for ungdom i alderen 15-19 år. UM er forkorting for Ungdomsmeisterskap. Det var god deltaking og høgt nivå på UM med 705 deltakarar fordelt på 1583 enkeltstartar, og i tillegg var det 52 stafettlag. UM vart arrangert på Fana stadion i Bergen 1.-3. september.
Ørsta IL friidrett stilte med sju utøvarar på UM, f.v.: Sigrid Vartdal, Andrine Hjellen Haugland, Hanna Hoggen Gjærset, Åse Øyehaug, Amalie Tomasgard, Anna Hjellen Haugland og Elias Hovden Nilsen
Anna Hjellen Haugland kasta slegga 34,67 meter og tok 5. plass. Dette er ny klubbrekord og ny pers. I bakgrunnen står ein fornøgd trenar Svein-Egil Johannessen.
Ørsta IL sitt stafettlag på 1000 meter i klassen J15-16, f.v.: Amalie Tomasgard, Hanna Hoggen Gjærset, Sigrid Vartdal og Åse Øyehaug.
Kalender
|