Andrine Hjellen Haugland (J18) tok gull i spyd 600 gr med 39,93 meter (948 Tyrving-poeng). Elias Hovden Nilsen (G16) tok sølv i spyd 700 gr med gode 53,17 meter (963 Tyrving-poeng). Han hadde tre kast over 50 m.
Ørsta IL stilte med sju utøvarar på Midt Norsk Meisterskap. F.v.: Sofie Viddal, Åse Øyehaug, Sigrid Vartdal, Andrine Hjellen Haugland, Elias Hovden Nilsen, Anna Hjellen Haugland og Amalie Tomasgard.
Anna Hjellen Haugland (J15) tok sølv i spyd 500 gr. 28,12 meter. Dette var berre 7 cm bak gullet.
Amalie Tomasgard (J15) tok sølv på 800 m med tida 2,41,17 og ny pers. Ho sette og pers i spyd 500 gr. med 19,70 m og tok 7.plassen.
Sigrid Vartdal (J16) tok sølvmedalje på 200 m på gode 27,20 (918 Tyrving-poeng).
Åse Øyehaug (J16) tok bronse på 300 meter hekk med tida 49,47 sek.
Sofie Viddal (J15) sette to nye persar i dag med 15,31 meter og 8. plass i diskos 0,75 kg, og 12,18 m i spyd 500 gr. og 11. plass der.
Kalender
|