Rundt 130 barn deltok på sesongavsluttinga for dei yngste på Ørsta stadion i dag. Først ut var superduperstafett med pendelstafett for sju lag med 18-19 deltakarar på kvart lag. Detter var det premieutdeling og ein matbit til slutt.
Sesongavsluttinga markerte også avslutting på rekrutteringscupen. For mange var nok premieutdelinga for deltaking på rekrutteringscupen høgdepunktet. Det vart delt ut premiar frå eit stort premiebord med store pokalar og medaljar. Storleik på pokalen er bestemt av kor mange stemne i cupen ein har delteke på. Hadde ein delteke på alle seks cupane fekk ein aller største pokal og ekstra honnør på utdelinga. I år har det vore over 150 deltakarar på cupen.
No tek dei yngste barna ferie frå friidretten. Trening for 9 åringar (2009-modellar) og yngre startar opp att i mai. For dei som er 10 år neste år (2008-modellar) og eldre er det treningar heile vinteren gjennom.
Samtidig som premieutdelinga pågjekk var det siste dugnad inne på klubbhuset. Klubbhuset er no tømt, og rivingsarbeidet startar i morgon for å gjere klart til fleirbrukshallen som skal stå klar i november neste år.
Kalender
|