Det var stor stemning på Ørsta stadion i kveld, torsdag 28. september, då Ørsta IL friidrett markerte sesongavslutting med omvendt 5-kamp for alle som er ni år og eldre. 39 utøvarar i alderen 9-18 år konkurrerte i utradisjonelle øvingar.
Konkurransen er uhøgtidleg og målet er å ha det moro. Vinnar kan like godt vere blant dei yngste som blant dei eldste.
På den omvendte 5-kampen skulle ein springe 60 meter baklengs to gongar på same tid. Så skulle ein hoppe to rotasjonshopp, eitt med venstre- og eitt med høgrerotasjon. Det var og kulestøt med høgre og venstre hand. Deretter 100 meter på idealtid. Til slutt var det spydkast på blink.
Vinnaren denne gongen var Sigrid Vartdal. Ho vann og for to år sidan.
Dei fem med best poengsum på 5-kampen var (lågast poengsum er best):
Sigrid Vartdal, 28p
Sigbjørn Fonseca, 41p
Elias Hovden Nilsen, 54p
Leander Forberg Øyehaug, 59p
Håvard Keilen, 64 p
Dette var ei morosam avslutting på ein av dei beste sesongane for Ørsta IL friidrett på mange år. Det er lenge sidan det har vore så mange aktive utøvarar og så mange gode resultat i klubben.
I oktober er det friidrettspause for dei fleste av utøvarane og for nokre av trenarane. Den 1. november startar vi opp for fullt med vintertreningar for 2008-modellar og eldre. Sjå treningstider på nettsida vår for info.
Det vert arrangert treningsstemne for 15+ torsdag 5. oktober. Og det vert treningsopplegg for 15+ i heile oktober, etter avtale med trenarane.
Kalender
|