Kvart år arrangerer Ørsta IL friidrett ein sosial overnattingstur om vinteren og ein om sommaren. Vinterturen i 2018 går til Pingvinleikane i Bergen i februar. Det som er ekstra fint med Pingvinleikane er at der også er rekruttklassar heilt ned til 7 år.
Der er det premiar til alle opp til og med 12 år, og som namnet på stemnet er premiane sjølvsagt pingvinbamsar. Vi arbeider med å reservere overnatting, og må sende endeleg bestilling av overnatting om ikkje så lenge. Kva øvingar de ynskjer å vere med på kan vi kome tilbake til.
Dette er ein familietur der gruppa er med på å sponse delar av turen. Dei som melder seg på må derfor vere faste på treningane. Eigenandel: Alle betaler kr 600 for opphald (to netter) og fellesmåltid laurdag. Utøvar dekker sjølv reise, øvrig mat og halv startkontingent for dei øvingane dei er påmelde i. Om vi finn overnatting med frukost, vert eigenandelen auka noko.
Vi må vite kor mange som blir med i familien din seinast måndag 18. desember. Det er bindande påmelding. Om ein ikkje kan reise må ein likevel betale eigenandel.
Stemneinformasjon på:
http://www.gneist.org/pingvinlekene/
https://www.facebook.com/pingvinlekene/
Vi håper mange vil ta turen til Leikvanghallen i Bergen!
Kalender
|