Ørsta IL friidrett sine utøvarar tok heim 10 gull, 15 sølv og 9 bronse på ope krinsmeisterskap i friidrett i Ulsteinhallen. Ørsta stilte med rekordstor tropp på 37 utøvarar.
Til saman sette Ørsta-gjengen 52 personlege rekordar og over 10 klubb-/aldersrekordar.
Sigrid Vartdal (J17) var den frå Ørsta om hadde best resultat etter Tyrving-tabellen med 889 poeng og ny innandørspers på 200 meter med tida 27,33 sek. Der var stor breidde i Ørsta si deltaking. Utøvarane var i alderen 6 – 40 år, med størst deltaking i aldersgruppa 10-14 år.
Ope krinsmeisterskap (KM) vart arrangert av Dimna IL 27. - 28. januar i Ulsteinhallen. Det var svært god deltaking på stemnet med heile 290 deltakarar. Komplette resultatlister finn ein på Dimna IL sine nettsider.
Ny norsk rekord
I ein fullsett hall og til stor jubel sette Karstein Warholm frå Dimna IL ny norsk rekord på 400 meter med 45,88 sek på Dimna Games i Ulsteinhallen. Ørsta IL friidrett sitt kvinnelag sprang inn til 3. plass på 4 x 200 meter stafett på 1,54,25. Dette er klubbens nest raskaste 4 x 200 m innandørs på kvinnesida. Elitestemnet Dimna Games samla fleire av dei beste utøvarane i landet og vart arrangert på laurdagskvelden i Ulsteinhallen.
Elise Aarflot (J12) vann 60 meter med tida 9,26 sek.
Ørsta IL friidrett sitt stafettlag med Åse Øyehaug, Andrine Hjellen Haugland, Hanna Hoggen Gjærset og Sigrid Vartdal tok bronse på 4 x 200 meter med tida 1,54,25 på Dimna Games. Dimna sine to kvinnelag tok første- og andreplass.
Kalender
|