Sigrid Vartdal (J17) vann 200 meter med gode 26,79 sek og ny pers. Ho tok bronse på 60 meter med 8,35 sek og ny pers. Begge resultata ga over 900 Tyrvingpoeng.
Det er mange unge utøvarar som vert spennande å følge med på i tida framover. To av desse er Noah Digernes Merheb (G11) og Elise Aarflot (J12). Noah spring raskare for kvart stemne. Han sette pers og ny klubbrekord innandørs i fleire øvingar, mellom anna på 600 meter med 2,00,97 sek, 200 meter med 31,63 sek og 60 meter med 9,71 sek. Elise sette to personlege rekordar søndagen. 200 m gjekk unna på 31,77. Ho støytte 6,54 m i kule 2 kg
Til saman vart det åtte pallplassar, sju nye klubb/aldersrekordar innandørs og 18 nye personlege rekordar innandørs.
Ørsta IL friidrett stilte med 15 utøvarar på Pingvinleikane i Bergen. Dette var ein familietur der lagbygging og miljø var minst like viktig som god innsats og resultat.
Pingvinleikane er det største innandørs friidrettsstemnet på Vestlandet med rundt 750 deltakarar fordelt på over 1800 startar. Pingvinleikane vart arrangert 10.-11. februar i Leikvang Friidrettshall utanfor Bergen. Meir informasjon og resultat finn ein på nettsidene pingvinlekene.no
Ørsta IL friidrett sine utøvarar på Pingvinleikane:
Bak f.v.: Sigrid Vartdal, Sofie Viddal, Amalie Tomasgard, Åse Øyehaug, Hanna Hoggen Gjærset, Elias Hovden Nilsen, Filip Hoggen. Framme f.v.: Elise Aarflot, Marie Helle Saanum, Liam og Noah Digernes Merheb, Mari Øyehaug, Tiril Tomasgard, Thea Nilsen og Elea Digernes Merheb.
På 200 meter i klassen J17 tok Sigrid Vartdal (midten) gull, Åse Øyehaug (venstre) tok sølv. Evie Kalnes Dencker frå Fil Aks-77 (høgre) tok bronse.
Ørsta IL friidrett sine yngste utøvarar på stemnet: Liam, Elea og Noah Digernes Merheb fekk pingvinar til premie.
Elise Aarflot (J12) sette pers i fleire øvingar, mellom anna på 200 meter med gode 31,77 sek.
Kalender
|