Den årlege 900-poengsfesten hadde rekordframmøte. Etter trening i Ørstahallen gjekk rundt 50 store og små til klubbhuset for å ete pizza, vere med på quiz, sjå på bilete og få årshefte. Det var premieutdeling for godt frammøte og utdeling av 900-poengfat.
Åtte utøvarar som fekk så gode resultat i 2017 at dei oppnådde over 900 poeng på Tyrving-tabellen. Når ein oppnår 900 eller fleire poeng er ein i toppen på krinsnivå. Er ein over 1000 poeng så er ein i landstoppen. Får ein over 1100 poeng så er ein på internasjonalt nivå. Høgste poengsum hadde Anna Hjellen Haugland med 1019 poeng for sleggekastet på 39,61 meter. Dette var med 3 kg slegge på Loggane/Gloppen 15. oktober.
Godt frammøte på treningane skaper miljø. Dei tre med mest frammøte i kvar av aldersgruppene 10-12 år og 13 år og eldre fekk premie for frammøte. I 10-12 årsklassen var det Grethe Kristin Høstland som hadde mest frammøte med 63 treningar. I klassen 13 år og eldre var det Åse Øyehaug som hadde mest frammøte med 111 treningar.
900-poengfat-vinnarane: Bak f.v.: Elias Hovden Nilsen, Andrine, Hjellen Haugland og Anna Hjellen Haugland. I midten f.v.: Åse Øyehaug, Hanna Hoggen Gjærset og Sigrid Vartdal. Framme f.v.: Oskar Mjelva Straume og Alva Lerheim Rekkedal.
Vinnarane av størst frammøte på treningane, f.v: Grethe Kristin Høstland, Hannah Skjeret, Åse Øyehaug, Johannes Eiksund og Arnstein Nikolai Ose. Mari Øyehaug var ikkje tilstades då biletet vart teke.
Kalender
|