På årsmøtet til Ørsta IL den 19. mars fekk Trine Sørheim Skjeret innsatspokal for administrativ innsats for den store innsatsen ho har gjort for friidretten mellom anna som styremedlem, trenar, stemnearrangør, økonomileiar, miljøarbeidar og koordinator.
I nominasjonsteksten som var opplesen på årsmøtet stod følgjande:
Trine Sørheim Skjeret har i rundt 10 år hatt mange verv og teke mykje ansvar i friidrettsgruppa. Ho var vore og er aktiv som mellom anna styremedlem, trenar, stemnearrangør, økonomileiar, miljøarbeidar og koordinator.
Trine har vist stor vilje, langt ut over det ein kan forvente, til å stille opp for friidretten i Ørsta. Ho har alltid jobba sjølvstendig og sett kva oppgåver som må utførast, og ho har teke initiativ og gjennomført oppgåvene med stor innsats og stå-på-vilje. Ho har teke fleire kurs og bygt mykje kompetanse gjennom desse åra. Trine er nesten alltid den som kjem først og går sist i samband med Ørsta IL friidrett sine arrangement.
Trine er svært flink med barn, unge og vaksne. Mange av dei unge har framheva at treningane til Trine har vore blant dei mest motiverande. Ho har vore med på dei fleste treningar og vore koordinator på så godt som alle friidrettsarrangement i Ørsta dei siste 10 åra. Ho har i ei årrekke koordinert og delteke på svært mange av reisene som klubben har gjort til stemne utanfor Ørsta. Ho har og vore ei svært viktig brikke i dei sosiale arrangementa til klubben.
Trine sin ekstraordinære innsats for friidretten i Ørsta har og kome friidrettskrinsen i Møre og Romsdal til gode då mange av klubbane i krinsen har fått utbytte av arbeidet som Trine har gjort.
Utan Trine hadde ikkje friidretten i Ørsta vore der han er no. Aktiviteten hadde ikkje vore så stor og arrangementa hadde ikkje halde så høg kvalitet.
Kalender
|