Ørstastafetten laurdag 28. april

Ørsta IL friidrett inviterer til Ørstastafetten laurdag 28. april på Ørsta stadion. Stemnet er nr 2 i rekr. cupen.

Stemnestart kl 14.00. Oppmøte ca ein time før start.

Trykk her for lagoppsett/klubbliste.

Sjå meir info under.

2018-04-18
olve.oyehaug

Ørstastafetten vert tilskipa for 49. gong, og her er klasser slik at alle som har lyst kan delta:

Stemnestart: Kl. 14.00

  • 6-10 år blanda kl. 14.10 4. etappar – 4 x 100 meter.
  • 11-14 år jenter kl. 14.40 4. etappar – 100m–200m–300m–400m, samla alder 50 år.
  • 11-14 år gutar kl. 14.50 4. etappar – 100m–200m–300m–400m, samla alder 50 år.
  • Senior damer kl. 15.00 4. etappar – 100m–200m–300m–400m.
  • Senior herrar kl. 15.10 4. etappar – 100m–200m–300m–400m.
  • Open klasse senior kl. 15.10 4. etappar – 100m–200m–300m–400m.

Premieutdeling ca kl. 15.30 (så snart som resultatlistene er klare)

Premiering: Medaljar til dei tre beste laga i kvar klasse eldre enn rekruttar. I rekruttklassen (til og med 10 år) er det premie til alle utøvarar.

Påmeldingsfrist: Tysdag 24. april 2018

Påmelding: Online påmelding i SportsAdmin for klubbane eller på epost til olve.oyehaug@gmail.com (Ørsta IL friidrett sine medlemer sender påmelding til orstail.friidrett@gmail.com ) 

Startkontigent: Alle klasser kr. 250,- pr. lag, rekruttar kr. 100,- pr. lag.
Dobbel startkontingent ved etterpåmelding. Startkontingent skal vere betalt før stemnet. Alle som er 13 eller eldre må ha betalt heilårslisens for å kunne delta

Bankkonto: 3992.40.11665 (NB!!! Ørsta IL friidrett sine medlemer betalar kr 50,- pr utøvar for deltaking i rekrutteringscupen, og betaler ved frammøte på stemnet).

 

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket