Heile 121 utøvarar deltok på gateløpet som Ørsta IL friidrett arrangerte tysdag 24. april i Vikegata. I dette løpet fekk også dei aller yngste vere med. Trass regn og sju varmegrader var det stor deltaking og svært god stemning på stemnet.
121 deltakarar gjer seg klare til gateløp.
Friidrettsgruppa er imponerte over den gode deltakinga på gateløpet i Vikegata. Løpet har i mange år vore arrangert i Ripateigane, men vart i år flytta til Vikegata etter invitasjon frå nemnda som arbeider med å auke aktiviteten i Vikegata.
Det har vore stor auke i deltakinga på gateløpet. Det er ikkje lenge sidan ein rekna 30 deltakarar som godt frammøte på gateløpet. Dei fire siste åra har det vore rundt 100-125 deltakarar.
Størst deltaking var det i dei yngste klassane, med 37 deltakarar i alderen 6 år og yngre. Dei sprang ei løype på rundt 100 meter, mange med eit stort smil om munnen gjennom heile løpet. Innsatsen var stor og alle kom i mål.
Aldersgruppa 7-9 år sprang 250 meter. Mange opna svært hardt ut frå start, og kom godt slitne i mål.
10-12 årsgruppa sprang rundt 425 meter. Blant gutane vart det ein imponerande langspurt av trioen Oskar Mjelva Straume, Noah Digernes Merheb og Sador Mikael Tesfay der Oskar kom først i mål med løyperekord på 1 min 21 sek.
Gruppa på 13 år og eldre sprang rundt 1000 meter. Ei av dei som kanskje imponerte mest var Maria Mjelva Straume (J13) med tida 3 min 42 sek. Raskast av alle på løpet var Amalie Tomasgard (J16). Ho sette løyperekord med 3 min 31 sek.
No gjer friidrettsgruppa seg klare til dei komande stemna i Ørsta; Ørstastafetten 28. april, TINEstafetten 8. mai, og SpareBank1-leikane 27. mai.
Kalender
|