Til saman 34 lag stilte til start på Ørstastafetten laurdag 28. april. Ørsta IL friidrett stilte med ikkje mindre enn 22 lag og 88 utøvarar. Dette er uoffisiell klubbrekord i staftettdeltaking i nyare tid.
Dimna IL stilte med 12 lag og Ålesund FIK hadde med to lag. Den gode deltakinga og den store idrettsgleda viste at stafett er svært populært i friidretten.
Deltakinga var størst i klassen 6-10 år. 20 lag deltok der. Dei sprang 4 x 100 meter. Det var tydeleg at utøvarane ga full innsats for laget sitt.
Frå 11 år og eldre var det 1000 meter stafett, der etappane var 100 m, 200 m, 300 m og 400 m. I seniorklassane vann Dimna IL i både kvinner og menn. Dimna IL sitt raskaste kvinnelag var med resultatet 2,26,05 berre 1,5 sekund bak banerekorden. Kvinnelaget til Ørsta IL friidett med Amalie Tomasgard, Hanna Hoggen Gjærset, Sigrid Vartdal og Åse Øyehaug vart nr to med tida 2,32,28. Det er klubbens 8. raskaste 1000 m kvinner gjennom alle tider.
Arrangør av Ørstastafetten på Ørsta stadion var Ørsta IL friidrett.
Gutar 11-14 år gjer seg klare til andre etappe på 1000 meter stafett. Foto: Berit Eik Kvalsund.
Jakob Hustad Ruud frå Ørsta IL friidrett gir full gass på tredje etappe på 4 x 100 meter stafett. Foto: Brita Hustad
Bjørn Håkon Vikenes frå Ørsta IL friidrett sprang ei svært god førsteetappe på 4 x 100 meter stafett. Foto: Hjørdis Almelid Vikenes.
Alle dei yngste fekk medalje. Køa strekte seg nesten bort til den nye Ørstahallen.
Kalender
|