Nasjonal kastmønstring på Byrkjelo stadion torsdag 10. mai

Nasjonal kastmønstring på Byrkjelo stadion 10. mai med fire gode resultat for Ørsta IL friidrett. Trykk "Les mer"-knappen for meir info.

2018-05-11
olve.oyehaug

Anna Hjellen Haugland (J16) starta opp med tre døde sleggekast før ho fekk opp gode 40,67 m (991 Tyrvingpoeng). Så, like før ho skulle kaste femte omgang vart ho treft i ankelen av ei kule som rulla ut av sektoren. Då vart det isposar og pleie, og slutt for i dag. No gjekk det heldigvis bra. Så etter eit nokre fridagar skal ho vel vere "fit for fight" igjen.
Spydkonkurransen gjekk i silregn og "dau luft".
Elias Hovden Nilsen (G17) fekk opp tre kast over 50 m med 700 gr spydet. Lengst i dag vart 52,11 m.
Andrine Hjellen Haugland (J18/19) kasta 600 gr spydet 40,93 m (948 Tyrvingpoeng). Bra - midt i russefeiringa.
Ei vårforkjøla Christina Wilke (KS) støtte 4 kg kula ut til 10,88 m og er med det resultatet, no klubbens 3. beste kvinnelege kulestøtar gjennom alle tider.

Til søndagen er det på an igjen på Midsund.

Kalender

Juni
MTOTFLS
2627282930311
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30123456

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket