SpareBank1-leikane 2018

I strålande solskin stilte 174 deltakarar til start på SpareBank1-leikane på Ørsta stadion søndag 27. mai. Friidrettsstemnet var for aldergruppa 14 år og yngre.  

 

TRYKK HER FOR RESULTATLISTE

 

2018-05-27
olve.oyehaug

Stemnet var for aldersgruppa 14 år og yngre. Hovudfokus på dette arrangementet for dei yngre aldersgruppene var idrettsglede. Samtidig såg ein resultat på nasjonalt nivå. Det var fleire utøvarar med resultat på over 1000 Tyrving-poeng.

Arrangørklubben Ørsta IL friidrett stilte med 105 utøvarar. Friidretten i Ørsta har stor aktivitet og har hatt svært stor vekst dei siste åra, gjennom målretta satsing på dei yngste gruppene. Ein ser no gode resultat av arbeidet. Klubben har ei stor rekruttgruppe, og samtidig stadig fleire utøvarar i alderen 15 år og eldre som hevdar seg godt på nasjonalt nivå.

SPB1-2018-Lengde%20600.JPG
Agnes Hjellen Haugland (J8) frå Ørsta IL friidrett hoppa langt med stor fart i tilløpet.  (Foto: Hjørdis Almelid Vikenes)

 

SPB1-2018-60m%20jenter%208%20%u2013%20600.JPG
Første heat i klassen J8 ved målstreken på 60 meter. (Foto: Hjørdis Almelid Vikenes)

 

SPB1-2018-Dagens%20raskaste%20%u2013%20600.JPG
Dagens raskaste jente var Lovise Skarbøvik Andresen frå Ålesund FIK. Ho sprang 60 meter på gode 7,81 sek og det kvalifiserte til 1118 Tyrving-poeng. Martine Amalie Dimmen på 2. plass og Nora Louise Ottesen Husøy på 3. plass, begge frå Dimna IL.  (Foto: Hjørdis Almelid Vikenes)

SPB1-2018-Liten%20ball%20600.JPG
Jakob Ruud (G9) frå Ørsta IL friidrett kastar liten ball. (Foto: Hjørdis Almelid Vikenes)

 

 

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket