Ørsta IL friidrett har no tre utøvarar i landstoppen i kastøvingane spyd og slegge etter gode resultat på friidrettsstemne i helga. Målretta satsing på kastgruppa frå klubben og trenar Svein-Egil Johannessen har gitt gode resultat.
Elias Hovden Nilsen ligg no på 1. plass i spyd i landet i klassen G17 med 59,79 meter, ny klubbrekord og 995 Tyrving-poeng på kretsmeisterkap på Aksla stadion.
Andrine Hjellen Haugland ligg på 2. plass i spyd i landet i klassen J18/19 med 42,99 m og 999 Tyrving-poeng på kretsmeisterskap på Aksla stadion. Andrine har og banerekord i spyd på Ørsta stadion.
Anna Hjellen Haugland ligg på 4. plass i slegge i landet i klassen J16 med 46,46 meter, 1065 Tyrving-poeng og ny klubbrekord J16 på Loggane Open i Sogn og Fjordane søndag 27. mai.
Elias Hovden Nilsen ligg på 1. plass i spyd i landet i klassen G17 med 59,79 meter.
Andrine Hjellen Haugland ligg på 2. plass i spyd i landet i klassen J18/19 med 42,99 meter.
Anna Hjellen Haugland ligg på 4. plass i slegge i landet i klassen J16 med 46,46 meter. Kasttrenar Svein-Egil Johannessen i bakgrunnen.
Kalender
|