Ørsta IL stiller med åtte utøvarar på Framoleikane i Bergen

Ørsta IL stiller med åtte utøvarar på Framoleikane på Fana stadion i Bergen 1.-3. juni. Framoleikane har etablert seg som eit av dei verkeleg store og gode friidrettsstemna for barn og unge i Norge.

2018-05-31
olve.oyehaug

Ørsta stiller med ein sterk tropp på stemnet: Andrine Hjellen Haugland (J18/19), Elias Hovden Nilsen (G17), Sigrid Vartdal (J17), Åse Øyehaug (J17), Amalie Tomasgard (J16), Anna Hjellen Haugland (J16), Johannes Eiksund (G15) og Tiril Tomasgard (J11). 

Kastgruppa har hatt ei strålande sesongopning, så det blir spennande å følge dei på stemnet. Dei andre utøvarane har og gode resultat. Dette er det første store utandørsstemnet i år for Ørsta IL friidrett.

Informasjon og resultat frå stemnet finn ein på: http://www.framolekene.no

UM%202017%20stafett-600.JPG

Fana stadion i 2017: Ørsta IL friidrett sitt stafettlag på UM på Fana stadion: Amalie, Hanna, Sigrid og Åse.

Kalender

Juni
MTOTFLS
2627282930311
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30123456

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket