Andrine Hjellen Haugland (J18/19) kasta spydet ut til svært så solide 46,50 m på Fana stadion. Kastet ga 1045 Tyrving-poeng. Dette er ny klubbrekord og kretsrekord. Det er akkurat no Norges lengste spydkast J18/19. Neste mål er ny banerekord i Ørsta.
Johannes Eiksund (G15) er den utøvaren i Ørsta IL friidrett som har størst framgang no. Han sprang inn til 4. plass på 60 m og 100 m, og 5. plass på 200 m. Han raste i mål som klubbens 7. raskaste mann på 100 m gjennom alle tider på tida 12,18 som er ny kjempepers, og 960 Tyrving-poeng. Det blir spennande å følge med Johannes for han har meir å gå på.
Sigrid Vartdal (J17) er inne i sin beste sesong så langt. Ho sprang inn til sølv på både 100 m og 200 m. På 200 m sprang ho på 26,86 og 925 Tyrving-poeng. Dette er og ny utandørspers.
Åse Øyehaug (J17) sprang inn til sølv på 300 m hekk med tida 50,38 og til bronse på 400 m. Åse var prega av allergi og har plan om å springe vesentleg raskare seinare i år.
Anna Hjellen Haugland (J16) kasta slegga ut til 40,50 m, sølvmedalje og gode 987 Tyrving-poeng.
Amalie Tomasgard (J16) har jamn og fin framgang. Ho persar så godt som på kvart stemne no. Ho tok UM-kravet og sølvmedalje på 800 m med 2,29,70. Ho sprang inn til sølv på 1500 m. Tiril Tomasgard (J11) tok to 9. plassar. I kule støytte ho 4,12 m.
Ørsta IL friidrett har etter dette stemnet ein rekordstor tropp på åtte utøvarar som er kvalifiserte til Norgesmeisterskap for ungdom (UM). UM skal vere i Overalla i månadsskiftet august-september.
Poenga i jente- og guteserien og lagseriane i 3. divisjon trillar inn. Dette er ei historisk god sesongopning og det ligg an til å bli det beste året for klubben på lang tid.
Framoleikane er vestlandets største friidrettsstemne og vert arrangert på Fana stadion i Bergen. Framoleikane har etablert seg som eit av dei verkelig store og gode friidrettsarrangementa for barn og unge i Norge. Arrangør av stemnet var I.L. Norna-Salhus.
Andrine Hjellen Haugland (J18/19) tok gull i spyd med 46,50 meter og 1045 Tyrving-poeng.
Johannes Eiksund (G15) er no den utøvaren i Ørsta IL friidrett som har størst framgang. Han sprang 100 m på 12,18 og 960 Tyrving-poeng.
Ørsta IL friidrett sin tropp på Framoleikane. F.v.: Åse Øyehaug, Sigrid Vartdal, Tiril Tomasgard, Amalie Tomasgard, Anna Hjellen Haugland, Andrine Hjellen Haugland og Johannes Eiksund.
Kalender
|