Meld deg på friidrettsskulen idrettsleikar måndag 13. august - onsdag 15. august

Ørsta IL friidrett arrangerer idrettsleikar på Ørsta stadion måndag 13. august - onsdag 15. august 2018.

2018-06-10
olve.oyehaug

Idrettsleikar er eit lokalt tilbod til barn i alderen 6-12 år som går over tre dagar i sommarferien. På Idrettsleikar skal barn få trene basisferdigheiter og prøve friidrett på ein spennande og utviklande måte prega av leik og glede.

Meld deg på allereie no, det er avgrensa med plassar. Det vert truleg stor rift om plassane også i år. Dei siste åra har det vore ventelister.

Idrettsleikar er i regi av Norges Friidrettsforbund. Alle friidrettsklubbar har fått tilbod om å arrangere Idrettsleikar.

 

Kva: Spennande dagar i sommarferien der born møtast til gode aktivitetstilbod på dagtid.

Alder: 6-12 år

Varigheit: 3 dagar

Når: Måndag 13. august - onsdag 15. august, klokka 9-15.

Stad: Ørsta stadion

Påmeldingsfrist: 23. juli

Pris: Kr 750,-

Deltakargåve: T-skjorte

Antal: 60 deltakarar

Påmelding på: http://www.deltager.no/Idrettsleker/orsta2018

Oppmøtestad: Ørsta IL klubbhus ved Ørsta stadion

 

Innhald

Deltakarane vil få introduksjon til m.a. forskjellige friidrettsøvingar. Det vil bli innslag av løp, hopp, kast, samt leik for utvikling av balanse og motorikk i tillegg til ballspel og øvrige aktivitetar. Kyndige og engasjerte idrettsleiarar, ungdom som sjølve er aktive utøvarar i friidrettsgruppa, vil tilrettelegge og hjelpe borna på deira eigne premissar.

Bli med!

La barnet ditt få ei aktiv og sosial ferietid fylt med fysisk leik tilpassa alle nivå.

Ørsta IL friidrett har sidan 2013 arrangert friidrettsskulen Idrettsleikar veka før skulestart. Målet er å arrangere dette kvart år. Friidrettsskulen er for barn i alderen 6-12 år. Det har vore fullteikna kvart år, med rundt 60 deltakarar kvart år.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket