Elias Hovden Nilsen (G17) hevdar seg i landstoppen i spyd. Han tok sølv med spydkast på 53,96 m på Tyrvingleikane i Bærum.
Ørsta IL friidrett stilte med fem utøvarar på stemnet. Amalie Tomasgard (J16) tok 4. plass på 800 m med 2,32,59. Hanna Hoggen Gjærset (J16) sprang til pers på 200 m med 28,22 sek. Ho sprang og inn til årsbeste på 100 m med 13,94 sek i motvind. Sigrid Vartdal (J17) sprang 200 m på tida 27.18 sek. Sofie Viddal (J16) sette pers i både kule med 7,76 m og i slegge med 20,74 m.
Oslo Sportslager Tyrvinglekene er eit av dei største friidrettsstemna i landet. Stemnet vart arrangert 15.-17. juni av IL Tyrving på Nadderud stadion i Bærum.
Neste stemne for friidrettsgruppa er Veidekkeleikane på Lillehammer komande helg.
Elias Hovden Nilsen (G17) hevdar seg i landstoppen i spyd. Han tok sølv med spydkast på 53,96 m på Tyrvingleikane i Bærum.
Kalender
|