Andrine Hjellen Haugland (J18/19) tok gull i spydkast på Veidekkeleikane på Lillehammer. Andrine stadfesta igjen at ho er i storform då ho kasta 600 grams-spydet 45,15 meter.
Kastet ga 1029 Tyrving-poeng. Andrine har no teke heim siger på to av dei største friidrettsstemna i landet Framoleikane og Veidekkeleikane. Ho er den som har kasta spydet lengst i landet i sin årsklasse i år.
Ørsta IL friidrett tok til saman fem medaljar på stemnet. Sigrid Vartdal (J17) tok sølvmedaljen på 200 m med tida 26,79. Elias Hovden Nilsen (G17) tok sølv i spyd under vanskelege vindforhold. Åse Øyehaug (J17) sprang inn til bronse på 400 m. Thea Nilsen (J13) tok sølv i spyd med 22,36 m. Amalie Tomasgard (J16) sprang sin beste 800 m nokon gong og tok 4. plass med tida 2,26,67. To talent som blir spennande å følge med framover er søskena Oskar (G11) og Maria Mjelva Straume (J13). Dei er allsidige og set stadig nye persar. Oskar tok seg til A-finalen på 60 m og vart nr 5 med tida 9,13. Maria forbetra seg med heile ni sekund på 600 meter då ho sprang inn på 1,56,84.
Ørsta IL friidrett stilte med 12 utøvarar i alderen 11-19 år. Utøvarane imponerte med stor innsats, mange personlege rekordar og deltaking i mange øvingar. Vi nemner berre nokre av resultata her.
Hanna Hoggen Gjærset (J16) sprang godt på 100 m og 200 m. På 100 m sprang ho på 13,56 og sette ny pers. Ho er no like ved å klare UM-kravet på 100 m.
Filip Hoggen (G14) er allsidig og var med i mange øvingar. Han tok m.a. 4. plass på 800 m.
Mari Øyehaug (J12) var like ved pers på både 60 m og i lengde. Tiril Tomasgard (J11) sette pers i spyd.
Ørsta IL friidrett har lang tradisjon med deltaking på dette stemnet. Med over 750 utøvarar på det 41. Veidekkeleikane er dette det nest største banestemnet i friidrett i landet. Veidekkeleikane vart arrangert på Stampesletta på Lillehammer.
Andrine Hjellen Haugland (J18/19) tok gull i spydkast på Veidekkeleikane på Lillehammer. Andrine stadfesta igjen at ho er i storform då ho kasta 600 grams-spydet 45,15 meter. Kastet ga 1029 Tyrving-poeng.
Sigrid Vartdal (J17) tok sølvmedaljen på 200 m med tida 26,79.
Ørsta IL friidrett sin tropp på Veidekkeleikane: Framme f.v.: Maria Mjelva Straume, Mari Øyehaug, Tiril Tomasgard og Oskar Mjelva Straume. Bak f.v.: Hanna Hoggen Gjærset, Amalie Tomasgard, Andrine Hjellen Haugland, Elias Hovden Nilsen, Åse Øyehaug, Anna Hjellen Haugland, Thea Nilsen, og Filip Hoggen. Sigrid Vartdal var ikkje til stades då biletet vart teke.
Alle foto: Birger Nilsen
Kalender
|